lørdag 9. november 2013

litt mere poesi.. SJÅ

te og poesi

SJÅ

Første gong eg såg dei var eg berre tre.
Far min løfta meg ut av senga,
bar meg på kraftige skuldrer
opp til sølvmørkret på loftet.
Eg var enno ni tidelar sovande, i noko fjernt
som gjorde orda og tankane mine lodne.

Blant støvete skuggar av esker og teppe og tog,
høyrde eg huset klukke og visle;
kjende lukta av eple, saftige og mjuke i den sveipte stilla.

Han heldt meg høgt opp mot takvindauga,
opp mellom sperrene.
Eg såg, leita,
etter det han måtte ønskje eg skulle få auge på.

Berre stjernene spraka og gneista
over dei grå formene i hagen.
Vinden røyvde seg uroleg i trea.

Då kom eitkvart anna, noko som
svømte, pressa seg fram frå nord,
undersida av vengene lyste i måneskinet,
brøytte bølgjer midt i natta - femti, hundre, meir -
djupt gjennom himmelvatnet vårt, fór til slutt forbi
inn i nokon andre si natt.

Eg følgde dei med fingeren min,
visste då kvifor eg var der;
far min der nede, sa med bedande røyst-
Såg du dei? Såg du gjæsene?

***
Safirblå isfuglfryd

av Kenneth Steven (forfatter) og Mathias Hoem (gjendikter).


Samlaget 2009